«Brenn huset ned», Frode Grytten

Brenn huset ned
Det er mange gode grunnar til å lese denne boka frå Frode Grytten. Framfor alt fordi han er ein glimrande skildrar når han skriv om opprør og The Clash. Han gjer det med kjensle, omtanke, humor, med gode bilde – og han gjer det til og med på nynorsk.
Veldig god bok som favnar særs mykje – sjølv om den er på berre 110 sider. Han tek fyrst for seg Tha Clash som ein musikkbevegelse, før han dukker djupt inn i, rundt og somme stadar oppå kvart enkelt medlem i bandet. Han tek i relasjonane deira – både som bandmedlemmar seg i mellom, men og til relasjonar dei hadde, eller savna, i oppveksten. Han gjer det godt, tidvis på ein lyrisk, vekselsvis galloperande og travande måte. Tann for tann – øye for øye – riff for riff – og sniff for sniff.
Ivar Aasen var også i mine auge ein punkar, så at Grytten skriv boka på nynorsk passar særs bra. Grytten brukar eit nynorsk som er forståeleg for alle – og det var vel akkurat det som var meininga med heile nynorskprosjektet – way back. Eit skriftspråk for folk flest, med ord og uttrykk som vanlege folk hadde eit forhold til; der dei budde der dei elska. Språket til grasrota, bønder, fiskarar; dei som ikkje hadde gått på universitet og let seg forme etter det dei etablerte på toppen av samfunnet ville – eit skriftspråkopprør mot fiffen, dei etablerte og dekadansen fra det store utland og frå pengemakta. Akkurat som punken er det. Frå side 94: «å endre verda og artikulere kjenslene til ein heil nasjon». Synd at mykje av arven frå Aasen har blitt skusla bort med tvang om å skrive på ein måte som lkkje ligg ein nær, slik at altfor mange unge i dag får eit forhold til Ivar Aasen som «far til spynorsken». Vi burde heller fokuser meir på det viktige han gjorde for språkutvilkinga og kulturforvaltninga, og sjå på bodskapet i tekstane hans – ikkje berre konservere hans minne og gje dei vanskelige stiloppgåver. Hadde Ivar Aasen levd i dag, hadde han vore rap-artist på østkanten i dei store byane, og rusa seg der. Ikkje med kvitvin på operataket.

Det om Aasen som punker sa ikkje boka noko om. Det får stå for mi regning. På mi regning står også det eg skal skåle med når eg skal heve glaset KL 21:50, 21. September. Altso no på laurdag. For det var på det tidspunktet i 1979, på New York Palladium, at Pennie Smith tok bildet av Paul Simonon, som er brukt på plateomslaget, og som heng som plakat på mange gute og jenterom i heile verda; som eit symbol på det motsatte av borgerleg dekadense. Skål for språkåret 2013 , The Clash, Frode Grytten – og Ivar Aasen.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s