”Innsirkling 2”, Carl Frode Tiller

innsirkling2
Kven er vi? Kven trur du at du er? Kva trur du dei andre trur at du trur du er?
Kvar går grensa mellom å væra snill, forståeleg , oppofrande og omsorgsfull, mot det å bli sjølvutslettande?
I den fyrste boka fekk vi nesten møte Daniel som har mista hukommelsen, men berre nesten. Vi trur at vi blir betre og betre kjent med Daniel gjennom brev som er skrivne til han i 2006, og i forskjellige tids- og personperspektiv gjennom forteljarstemma til dei som kjente han før hukommelsestapet.
Innsirkling2 fortsetter i den same stilen, men det er berre det at no gjer han alt så mykje betre. Han er ein meister på å skildre dei indre tankane rundt dei nære og vanskelege dialogane, kor han gjerne let en trasig replikk forme og sabotere ei samtale, ved at sinnelaget til nærtagne usikre folk med dårleg sjølvkjensle går mot det mørke – og vert mørkare og mørkare. Han skildrar djupt og godt kor folk i dei lavast sosiale laga held kvarandre nede, med ei truverdig men teatralsk stemning, kor det overømfintlege vakar i overflata.
Dette prosjektet trer no meir og meir fram som ein tidsbileteskildring frå vår nyare tid, med stadige tilbakeblikk, då mest til 70- og 80-tallet. Han skildrar miljø i bygd og by, med alle muleg tenkjelege relasjonar av det vanskelege slaget på ein glimrande måte. Her er det skjulte og opne konfliktar mellom by og bygd, søsken, naboar, generasjonar, foreldre, born og steborn – med veldig gode tidsbilete. Beskriv òg veldig godt forskjellige subkulturar.
Kvifor vart eg slik, når han eg vaks opp med vart sånn? Trur det må vere frå dette verket Per Petterson fekk sin ide om å skriva ”Jeg nekter”. Tiller skriv like godt. Kanskje betre.

Sidan Tiller allereie har annonsert at det kjem med ei tredje bok til no til hausten, røpar eg ikkje noko stort om eg fortel at vi heller ikkje i denne boka får helse skikkeleg på Daniel – men du å du kor innfløkt og spanande det er. Eg lurar no på om Tiller klarer å lande dette identitetsgreia utan å ringe ”Tore på sporet”.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s