«Kvitt», Laura Djupvik

Jau; kor mange bøker, songar og filmar har ikkje vore laga om forboden kjærleik, og om forboden seksuell utforsking i ubalanserte maktforhold? Vi les om fenomenet mest kvar dag i avisene, og vert like forbina og forbanna kvar gong. Så oddsen for at ei lita bok om temaet skal trollbinde ein stakkar til langt på natt er sjølvsagt liten – men han er der. Klokka er i skrivande stund 01:43.
Må berre sei at eg vart veldig imponert over kor forfattaren klarte å halde på spenninga i ei bok, som på ein måte var føreseieleg når det gjeld handling. I bøker går det oftast som det går, når det går for vaksne menn i unge jenter. Det var nok ikkje om dei fekk kvarandre, eller om dei kom til å flykte saman, eller ikkje, som var spaninga og driven i boka. Det var måten ho var skriven på. Forfattaren klarte å dreie perspektivet frå den eine til den andre. Frå den svake til den sterke, som var ”svak” for den svake part her, og svikta både den eine og det andre. For det er det som er gale. Det er ikkje aldersforskjellen, sjølv om ho var sytten, han over førti og far til ei som var året eldre enn ho. Den lyt vi tåle, også blant andre folk en filmstjerner og andre kunstnarar. Det er maktforholda elev/lærar som er det gale her.
Det flotte handverket med skrivinga, er at ho klarer å la oss føle lengselen og saftene til denne unge eleven, som ikkje får utforske seksualiteten sin saman med sin prektige kristne kjærast, fordi han har eit noko gamalmodig syn på sex før ekteskapet – ”å spara seg er betre enn å para seg”. Sevja i hovudpersonen Jill stig, hormona rasar i kroppen, og dei vert vanskeleg å kontrollere før blikket stoppar på Peder, denne flotte læraren, som forfattaren, når ho skiftar til hans perspektiv, får oss til å føle at han litt motvillig og karakterlaus, svikta mangt og mykje, og følte seg dregen over den eine grensa etter den andre, og den tredje…… Ja, og så er plutselig gamle vaner vonde og vende, og det er i boka, som «in real life», vondare for den eine enn for den andre – sjølv om ingen gikk heilt fri.
Det einaste eg ikkje likte med boka var slutten. Der var det nokre sider som eg ikkje forstår kvifor ho har lessa på, men det gjer ikkje so mykje for heilheita. Kanskje moraliserer forfattaren om korleis det kan gå om ein sluttar i kyrkjekoret, får seg nye venar som ein prøvar ut ungdomens kraft med – eg veit ikkje – men ho skriv utruleg bra, så eg velgjer å slette dei siste sidene frå minnet om boka.
Ei knasande god bok med mange veldig gode dialogar, godt komponert om eit utslite plot, som ho meistrar på en framdragande god måte. Dei viktigaste karakterane vart vi kjende med, dei ikkje fullt so viktige vart statistar – og det var heilt greitt, det var det dei skulle være også. Heilt til……..
Det var rett og slett berre flaks at eg kom over denne boka. Grunnen til at eg festa meg med den var at forfattaren heite Djupvik, opphavleg frå Gurskøy – som meg sjølv. Og topografien stemmer veldig godt med Hareidlandet, Ulsteinvik, Herøy og omegn – berre so det er nemnt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s