«Sjabervik», Øystein Orten

Sjabervik
Sjabervik er nok inga lystig bok. Naturleg nok, for sjaber betyr elendig. Eg meiner slett ikkje at boka er elendig. Tvert i mot så er ho bra, men ho skildrar lite lystige ting og elende godt. Forfattaren fortell ei god historie om historia i ei mer eller mindre fiktiv bygd på Sunnmøre – ikkje so langt frå Hareid vil eg tru. Han skildrar livet i denne bygda heilt frå 1835 og fram til 2010, sett frå forskjellige perspektiv. Ikkje frå det perspektivet til dei som det blir skreve om i avisene og i bygdebøkene. Heller ikkje frå det perspektivet til dei som får skrive historia vår. Nei, han bytter perspektiv 21 ganger frå 1835 til 2010, med at det er outsidere som fortel eller vert beskrene. Perspektiva skiftar og går som ein spiral oppover på utsida av bydehistoria. Ei bok som beskriv den velstandsutviklinga vi, me eller oss he hatt – sett frå dei som ikkje fekk bli med på lasset.
Sjølv om boka stort sett er trist, har den også nokre gullkorn som er godt pussa:
«Kåt er eit ord for å ikkje ville døy».
«Redd er eit anna ord for å ville leve».
«Er du sikker på at me har nok bensin? Denne bilen drikk meir enn naboen».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s