«Bror din på prærien», Edvard Hoem

Bror min på prærien
Boka heng saman med «Slåttekar i himmelen», handlinga veksla mellom armod, fortviling og håp i Norge, og om håp, strev og kvalar i den nye verda «over there». Det var masseutvandring av «lykkejegarar» frå midten av 1800 og til byringa på 1900. Då var folketallet i Norge ca 2 – 2,5 mill, og so mange som 800 000 drog ut.
Boka skildrar identitet og strev i den nye verda, fundamentale ting i livet i Maslows behovpyramide, men også om teknologisk utvikling og endring i samfunna, både her og der, som fylgje av det. Gudstru – og tvil, slekters gang, behov for å finne seg sjølv, midt opp i det å ha sikkerhet i kvarandre, er viktige tema i denne boka, som i den førre. Lykkejegarar er jo det mykje snakk om no i dag også. At nokon måtte setja bort born, og at folk måtte flykte for å skapa seg eit liv, ja det er berre 100 år sidan «vi» også var so fattige – så dagsaktuell er den også.
Det er i dei mellommenneskelege skildringane og store konfliktene forfattaren etter mitt ringe skjønn er best. Der får han fram sitt vidsyn og klokskap gjennom karakterane i boka. Somme passasjer i sjølve handlingsdrevet i boka er spekt med heilt sikkert historisk riktige hendingar, stadar og datoer, men vart for meg dei kjedeligste partia. Særleg somme av skildringane om livet på prærien tidleg i boka. Men klart; skal ein skildre og skrive ein historisk roman om slekters gang, sjølv om det er fiksjon, ja då lyt ein ha med litt historie også, så eg tilgir han lett dei passasjene – og ser ikkje bort frå at han drog einsemda på prærien litt ut nett for at lesarane også skal kjenne på det livet.
Det snakkast om at han skal kome med ei til bok i forsettelsen. Håpar den kjem før jul – for å seie det sånn.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s