«Guds barn», Lars Petter Sveen

Guds barn
Å hevda at eg er kristen vil nok være en overdrivelse, og truleg brot på eit bod eller to, men eg er litt fasinert av bibelhistorie, synes bibelen er verdas viktigaste bok, at Jesus var ein klok fyr, og at dei ti boda er heilt flotte reglar å prøve å etterleve. Fint at dei dukka opp for å modernisere denne heilt håplause mosegrodde Moselova – synd at ho ikkje er gravlagd for lengst.
Eg har gått i Golgata, vore i Betlehem, traska i sonens fotspor i følge med ein prest, sett og tatt på dei hellige stadane, og følt den hellige andes dårlige ånde ved klagemuren. Eg har blitt trua med våpen, og eg har trua andre med våpen. Sett so mykje maktmisbruk og undertrykking av disse som trur dei har greie på fred, frelse og slikt, at eg har mista trua på so mykje. Eg har eit inntrykk at våpen er alle religioner felles multiplum. Rart, når dei faktisk trur på den same guden – eller kanskje ikkje? Men å lese historier om kva folk gjorde, eller kva folk trudde dei gjorde, der nede for et par tusen år sidan liker eg godt, men denne boka var rett og slett kjedelig i lange perioder – men eg er glad eg las den heilt ut slik at eg fekk med meg slutten. Den var bra. Det er ei bok eg vil kalla velskreven, det var noko med språket, og utmalinga, denne hoppinga, som gjorde at det ante meg at det var vel verdt å fullføre.
No gler eg meg til å lese «Da punken kom til Lefsevika», Christopher Nielsen. Skal være mykje livsvisdom i den også.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s