«Innsirkling 3», Carl Frode Tiller

Innsnirkling3
Rart å kjenne seg tom når ein eigentleg er stappfull av inntrykk – men sånn er det no.
Tiller leverer i bøtter og spann også i denne siste boka i trilogien. Den tek vidare dei gode samtidsskildringane og utvidar person og konfliktnivået frå dei førre bøkene – både i dybde og perspektiv. I denne boka får vi også endeleg møte denne mystiske Daniel, som altså vert beskriven av folk han kjente tidligare i livet gjennom brev.
Boka er stappfull av gode dialogar, så gode, ofte stikkande og uforutseielig, at dei lesast med ein klump i halsen. Han skildrar vanskelege relasjonar svært kjenslenært og sårt, med detaljerte kropps og mimikkskildringar oppå dei dialogane som ofte er vendepunkta i handlinga. Tiller er kritisk til dei radikale politisk korrekte besserwissvassmiljøa i studentbyen Trondheim, men på ein veldig ironisk måte, så det er litt vanskeleg å tyda kva han eigentleg meiner om dei – men han framstiller dei som svært patetiske. Det han er best på er det mellommenneskelege planet, særleg dette med endring. Korleis me endrar oss etter kvart som tida går. Kva dei som ein kjente tidlegare i livet trur om ein. Tida har ikkje stått stille for nokon, og det kjøm godt opp i dagen når ein treffast.
Eg har sjølv, som Tiller, flytta frå ei bygd inn til Trondheim, har sjølv endra meg – det har barndomsvenane mine også. Kor godt kjenner vi kvarandre eigentleg no? Mykje å tenkje på.
Veldig bra trilogi dette her. Tiller altso. Ta han fram, dette verket blir ståande som noko støtt – lenge.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s