«Mors og fars historie», Edvard Hoem

Mor og fars historie
Edvard er ein forteljar. Han fortel. Dialogane, som eg ellers er så glad i i bøker uteblir. Eg sakna dei til å byrja med, men så fann eg ut at dei forsterka forteljinga med at eg sjølv måtte stoppe opp og sjå føre meg det som vart usagt – fylle hola sjølv. I boka fortel han om bønder, odel, soldatar, hopehav, svartsjuke, sjukdom, lengsel og prediken.
Om å tjene herren utan å vere herre over eige liv.
Ottadalen en har for meg vore ein av dei kjedeligste dalane i kongeriket – det er det ikkje etter å ha lest denne boka. Ei «tyskertøs» er sentral i forteljinga, og eg må berre sei at eg misunner dei som hadde sånne sterke kjensle for andre at dei berre måtte leva ut den kjærleiken dei møtte. Tenk at dei valgte, så tidlig som på 40-tallet, alle veit kor langt likestillinga hadde kome då, tenk å få oppleve ein så sterk kjærleik og begjær at «du gir deg hen» til noko så politisk ukorrekt som til ein soldat frå fienden. Standhaftige damer det der.
Edvard svimsar naturleg nok mykje innom bibelen i denne boka. Eit sitat som eg blir hengande ved er Salomos ordtak: «ei god hustru er mer verdt enn perler».
Eg las boka om oldefaren, «Slåttekar i himmelen» først. Denne om bestefedre, far og mor var skriven før, men å lesa dei i denne rekkefølgen gikk heilt greit, då det følgjer tidslinja som om det var ein film eller tv-serie. Noko eg håpar aldri vert laga. Hoem må lesast, bileta han skapar i tekst, må tenkjast i hovudet – ikkje bli laga av andre.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s