«Rasmus rebellen», Øystein Orten

Rasmus rebellen

«Rasmus rebellen», Øystein Orten

I går fekk eg ein pakke og eitt brev i postkassa. Brevet var frå futen; purring på restskatten. Pakken var frå Ark; boka «Rasmus rebellen», Øystein Orten. Dette hører litt i hop. Rasmus rebellen var min 8. tippoldefar, og det er han denne boka handlar om. Han kjempa fiskarbøndenes sin kamp mot futane sine aggressive og korrupte skatteinnkrevjing på mørekysten

Boka famnar mykje om tidsepoken på. Eg les den som ein historisk roman om Sunnmøre på 1600-talet. Forteljarstemma, Aslak frå Myklebust, fortel ho Ragnhild, barnebarnet til Rasmus, om Rasmus sine bravadar og tek for seg ei tidsepoke kor Noreg var vanstyrt frå Danmark, og Rasmus dreg i klageferd til kongen i København, men det er berre det at det er berre sorenskrivaren som har rett til å forfatte bøndene sine bønneskriv til kongen. Og det er berre på tinget det er lov samle inn pengar til klagereiser. Ei klagereise for å tale fiskarbøndene si sak.
Ei knasande god bok om bondeopprøraren Rasmus, som hadde ein særs sterk sans for rettferd, og gode talegåver. Då han kombinerte disse ferdigheitene, med eige og andres mismod mot øvrigheita, fekk han dei sistnemnde mot seg – og han gav seg ikkje.
Alle dokke som bur der kartet viser, har familie derifrå, eller på anna vis er så heldige å kjenne ein sunnmøring, eller berre har høyrt om dei, bør ta seg tid til å lese denne boka. Då vil dokke skjøne korfor sunnmøringane ofte ser på innlandet og Austlandet som ein fordyrande og byråkratisk pengesluk og ein omveg til dei store marknadane ute i verda.
Forfattaren er historikar, og teiknar eit godt bilde over korleis det var på dei danske utpostane på denne viktige historiske tida i Norden. Eg som er fødd i Volda, levde mine fyrste leveår på Leikong, før eg vaks opp på Skodje, kosa meg gløgg gjennom heile boka. Han har med så mange stadnamn at det er ein fryd same kor på Sunnmøre du har vore. Eg nemnar i fleng: Hareid, Vartdal, Leikong, Sjøholt, Giske, Myklebust – og må nesten stoppe der, men der er fleire. Han dreg oss også med utanlands, bla. til Romsdalen, Bergen, Oslo, Amsterdam.
Ei veldig god bok kor vi blir kjende med horer, svartkjeftar, desertørar, fiskarar og bønder, futar, fogdar, fantar, korrupte embetsmenn og den hyperaktive Kristian Kvart og Fredrik III. Her er bødlar og avrettingar. Eit skikkeleg godt fortald tidsbilde frå denne tida.

Eg må vel for ordensskyld legge til at eg har betalt min skatt, og at eg gjer det stort sett med glede, men eg vart diverre eit par dagar for seint ute denne gongen. At boka og purringa kom på same dag, synest eg var utruleg morosamt.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s