«Sju dagar i August», Brit Bildøen

Sju dagar i august
Den 22.07.11 mista landet sin uskyld, vert det sagt.
Det rette er vel at nokre mista, andre fekk – og at alle har eit forhold til denne dagen.
Eg fekk. Eg fekk sterke bilete då eg kjørde, heilt uvitande, over glasbota i Oslo forbi Regjeringskvartalet. «Ta fram ein mobil og finn ut kva det er”, sa eg når sjukebilane kom bak oss. «Dette kjem i historiebøkene, men eg veit ikkje kva det er».
Vel, no veit me, og andre veit det bedre enn hine.
Eg fekk noko. Eg såg og fekk eit minne. Eg såg og slepp å undrast. Det ein får, det er. Ein slepp å undre og gruble, det kan endrast og tape si kraft – og det gjer ofte det. Same kva det er.
Om ein mistar, har ein mista, og ein kan miste det umistelege. Det er noko heilt anna enn å få. Eg er glad eg fekk.
Forfattaren skriv om nokon som har mista – og dei mødast. Forteljinga er nokre år fram i tid, men gir stadige tilbakeblikk til tida rundt 22.07. Det ligg ei sorg i heile boka, venda og spegla av dialogane, som er såre, tolkbare, blir overtolka, dei er vendepunkta, dei legg føringa for det som kjem etter.
(Dei er «Tillerske»).
”Etter sol kjem det regn” vert det sagt.
Forfattaren bruker været og andre naturbilete heile vegen. Heile den tunge vegen ein må gå. Legg merke til det når de les.
Boka vann NRK P2 Romanpris 2014 – og vil bli hugsa for meir enn det.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s