«Syngja», Lars Amund Vaage

Syngja
Eg har fått med meg at svært mange likar denne mykje omtalte boka, og den er vel mest omtalt som ei sterk og vakker bok om ein far som skriv svært ærleg og kjenslelada om sitt forhold til si dotter med autisme – og det er nok det boka handlar om.
Men ho handlar like mykje om deg og meg. Det som bergtok meg som det beste og sterkaste med boka, var kor denne forfattar og bussjåføren tok oss med på ei reiseskildrimg i livet med ein buss som ei raud rute gjennom heile boka. Han ser inn i seg sjøl, på sin omgangskrets og på si samtid. Gjennom dette skildrar han med stor innsikt både samfunnet og seg sjølv; at vi mennesker er sosiale vesner, som både påvikrar og utviklar oss saman med kvarandre. Kva då om dei «kvarandre» blir færre og færre. Kva skjer då med folk?
Gløym den for mykje omtalte diagnosa. Boka er universell, og handlar i bunn og grunn om korleis, slekt, vener, støtteapparat, ja korleis heile samfunnet ser på folk som er litt eller mykje annaleis enn oss sjølve. Taklar vi det? Taklar du det? Om nokon i din flokk får eit barn, eller ei anna utfordring, du ikkje heilt forstår – trekk du deg unna, eller er du der for dei? Eller er det lettast å ha en feelgood tapasaften med resten av venene, og snakke om kor sjølopptatte dei andre har vorte – og litt om hus, interiør, krig og fred og sånnt, om kor gode dine er i sport, litt om reiser og oppussingsprosjekta dine? Kanskje du sjølv også har følt deg avvist og uprioritert av dei, fordi dei ikkje hadde krefter nok til å kome på besøk?
Veldig djup, velskriven på ein lyrisk måte om alt frå: søken etter forelskelsen – og om den, om ograsmen, håp, fortvilelse, einsemnd, mørkre, skam, sorg, fornektelse – og takk til det vanlege. Der forfattaren i heile boka kommuniserer med lesaren om koffor og kordan skriva bøker – og om kvalene med å skriva ei så personleg bok.

Favorittsetninga mi i boka: «Det var ingen spørsmål i rekkehuset, berre svar»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s