«Personar du kanskje kjennar», Synnøve Macody Lund. 


«Personar du kanskje kjennar», Synnøve Macody Lund. 

Ja, ho ja. Ho som var med i Hodejegerne. Ho høge flotte. Ho som ville bli Bonddame og greier. Ho. 

Synnøve skriv altså denne boka til og om far sin. 

Jedda; relasjonsromanar finnes det massevis av. Tilbakeblikk til oppvekst og eigen navle, både på godt og vondt; jedda, det har me lese masse om før. Men måten; måten ho skriv på er kjempebra. 

Ho vekslar i hovedsak mellom to verdner, men i fleire tidsbilder. Tilbakeblikk til eigen oppvekst med far, og nåtid i samvær med den sterke faren som no er sjuk og svak, er den eine verda.

Så følger ho nokre unge folk, og eg røper ikkje for mykje når eg fortel at nokre av disse krysser livslinjene til kvarandre. Hetrofile og homofile. Ho skriv altså svært sjølvbiografisk i romanform, og det som er så tøft, er at ho går ut av historia og kommenterar hendingar rett til lesaren som ei forteljarstemme i boka. Flott virkemiddel. Overgangen mellom disse verdnene var også elegante. 

Noko anna som eg likte. Eller likte å likte. Asså når folk gikk på do; då både tissa dei, dreit og tørka seg bak. Ikkje det at det er så mykje å like, eller at det er ein sensasjon akkurat; men det er svært sjeldan det blir skrive ned i bøkene. Ikkje bli skremd at eg skriv akkurat det, det var ei setning eller to, så det var ikkje påtrengande. Det er berre det at eg synes ho har ei ny stemme ho Synnøve. Tenk ei Bonddame som skriv om å tørke seg bak.

I boka drøfter ho det maskuline og feminine. Styrkeforhold i nære relasjonar. Er dei konstante? Ho refererer mykje til Virginia Woolfs Orlando og Dantes Beatrice. Synnøve er skulert innen film og skodespel, og ho legg inn fleire kjente scener fra den verdnen som hjelp til lesaren som skal lage sine eigne bilde når han les. 

Denne boka vil eg absolutt anbefale. Fikk lyst å lese både Dante, Tolstoj og Virginia Woolf også etter dette. Noko anna som var artig for meg, er at ho faktisk nemner den neste boka eg har på leselista mi: Svar på brev fra Helga.  

Synes boka var imponerande – rett og slett heilt super.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s