Eg er glad i bøker med gode dialoger. Dialoger som vender stemning og handling. Ikke sånt tørrpreik for å forklare og tette hol i forteljinga. Dialoger skal bygge eller såre. Tiller er god på dette. Han er særs god på å skape dårlig stemning ut av nær sagt ingenting. Dei som har lese Innsirkling har opplevd det.
Forteljinga her er eit teaterstykke om ein skodespelar som førebur seg på å spele hovedrolla, George, i «Kven er redd for Virginia Wolf». Han prøver ut rolla heime, så godt at det nesten tippar over når det toppar seg. Tiller er god. Pinleg god på å dra opp dagligdagse små hendingar mange av oss har offa over, på ein sånn måte at ein av og til kan gripe seg i at «dette kunne eg og ha sagt, men sa det heldigvis ikkje».