Brevet til Rosalin, Øystein Orten


Brevet til Rosalin, Øystein Orten.Somme bøker har skildringar så gode at det å åpne boka, lese side for side, er som åpne døra i heimen, og bli med nokon inn i livet deira, dag for dag.

Denne boka, om Johannes, som sit og skriv på eit brev er sånn. 

Den er til dels lavmælt skrive, men og veldig intens og nær. Eg las, men følte eg sat ved kjøkenbordet til Johannes, såg ut glaset saman med han når han såg opp i fjella etter vêrteikn. Eg følte han fortalde historia i brevet rett til meg. Av og til henta han fram andre brev han hadde fått også, og las til meg – og til katten. Katten Pjusk er ein klok katt, som nok har opplevd meir enn folk flest. Av og til kom Marianne innom, Asle også.

Eg røpar ikkje for mykje når eg fortel atJohannes skriv brev til Rosalin. Kva han skriv, korfor, og kven Rosalin er; ja det må de lesa boka for å få vite noko om.

Orten skriv på nynorsk, på ein sånn måte at det er ei fryd å lese. Enkelt. Ujåla. Tett på sunnmørsk tale. Boka er på knappe 100 sider, dessverre tenkjer eg, no når eg lukker døra og står på baktrappa. Trur eg skal gå rundt nova og banke på ein gong til. Dette var ei flott bok, som kan nytast fleire gongar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s