Edvard Hoem. Liv andre har levd. 

Edvard Hoem. Liv andre har levd. 

Diktaren Edvard Hoem kallar denne historia for ei krønike, og seg sjølv som skrivar,  og med det er han meir låst til historiske fakta enn i ein skjønnlitterær roman. I ei lang passasje synes eg det var synd for boka, for det vart noko kjedeleg når han skildra dei harde mellomkrigsåra på prærien; men det hører nok med, for det var eit hardt liv der borte også.  Nære lyspunkt og håp var ikke det det mest av på den tida – men heldigvis kom krigen og boka tok seg opp igjen midtveis. Og trua på at Vår Herre hadde ei meining med det, hadde dei både der bort og her heime. 

Historia vekslar mellom livet til Eilert og hans etterkomarar på Albertaprerien, og Anton Edvard med sine på Molde og Fræna. Eg synes livet i heimlandet var skildra meir levande, med mindre statistikk og med flere kjensle,  framtidsvon og optimisme enn livet på prærien. Det kan nok være fordi eg er heimekjær, men og fordi at skrivaren sjølv hadde større register i eigen skalle å ta ta når han skulle dikte levde liv på historiske fakta om livet her, enn kvalitet han fikk ut av det møysommelige gravearbeidet i arkiver og personlige møter han hadde der borte. 

I denne boka skriv han si families historie fram til han sjølv er ti år gammal. Føler at eg kjenner Edvard si familie vel så godt som min eiga no, så han har gjort et godt arbeid. Edvard er jo ein av våre store, og leverer alltid på godt språk, så de av dykk som enn ikkje har lest bøkene har mykje å gle dokke til. 

Eg vil sakne å vente på neste bok av dette prosjektet, men håper at han også i framtida vil skrive om folket frå Fræna. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s